Kurset heldt på frå fredag til søndag, og åtte instruktørar blei opplært i teoretisk flyinstruktørpedagogikk.

– Sidan det er mykje gruppearbeid, og kurset skal ha god kvalitet kan det ikkje vere fleire enn åtte deltakarar. Vi har tre lokale deltakarar frå klubben på kurset, og elles er Alta, Trøndelag og Møre og Romsdal representert, seier Ole Anton Brekke.

Utfordrande situasjonar

Deltakarane på kurset har blitt anbefalt av sine respektive klubbar, og seinare fått godkjent søknaden om å vere med av Norges luftsportsforbund og mikroflyseksjonen.

– Dei må vise at dei kan takle utfordrande situasjonar i lufta utan å bli stressa. Før dei kom til Stryn har dei flydd eit orienteringskurs, kor ein sit i passasjersetet på høgre side. Det er litt som å køyre bil «på feil side», seier han. Kurset i Stryn er trinn to i opplæringa, kor dei skal lære å vere ein god instruktør og få den teorietiske ballasten ein treng får å bli ein god rollemodell. Etterpå skal dei ha praksisopplæring i heimklubben i minimum ti timar.

Første kurset utanfor Oslo

– Dette er det andre kurset som har blitt halde i Norge i år, og det første som har blitt halde utanfor Oslo på lang tid, seier Brekke.

Instruktørane på kurset er kjente namn i det norske flymiljøet. Tor Berg har vore med i mikroflymiljøet sidan starten, og brukt mykje av livet sitt på det. Roger Holm jobbar i Avinor, og blei beten av mikroflybasillen, då han såg eit fly frå Stryn luftsportsklubb lande på ei eng i Loen. Han har vore 13 år i styret i mikroflyseksjonen i Norsk Luftsportforbund.

– Desse to karane har gjort ein stor del av dugnadsarbeidet i mikroflyseksjonen, i går fekk vi ein ny handbok, og det er stort sett desse to karane som har sett saman denne og det nye regelverket som kjem i kraft frå tjuande juli, fortel Brekke.

Vil styrke flymiljøet i Stryn

Leiaren håpar at fleire folk i Stryn kjem og prøvar seg på flysport. På klubben har dei både mikro- og modellfly som medlemmane kan bruke.

–Eg håpar å få fleire ungdom interessert i flysport i Stryn, og det er derfor vi har satsa på å få Hans Auflem som instruktør, sidan han sit som ungdomsrepresentant i styret til mikroflyseksjonen.

Ikkje ein sport for alle

For å drive med flyging må ein ifølge Brekke vere omtenksam og vere forutteknande.

–Det er ingen aldersgrense for å fly mikrofly, og modningsnivået er forskjellig frå ungdom til ungdom. Fjorten år er ein fin alder å starte med mikrofly, men ein må vere seksten for å fly solo. Det er eit minstekrav om 30 timar opplæring, og av dei flyr du ein del aleine. Ei kan til og med køyre aleine til oppkøyring, seier Brekke lattermildt.

Flyr på jobb og i fritida

Magnus Nordstrand tok småflysertifikat i 1995, og jobbar til dagleg i Widerøe.

–Mikrofly er ei heilt anna form for flyging. Ein har fridom til å fly når- og kor ein vil. For å vere ein god flygar, må ein gjere det heile tida. Eg har lyst til å bli instruktør for å utvikle flymiljøet her i Stryn, seier Nordstrand.

Deltakarane må bli anbefalt av heimklubben, og få godkjent søknad av mikroflyseksjonen i Norsk Luftsportforbund for å få lov til å bli instruktørar. Foto: Hans Ivar Moss Kolseth
Med mikrofly kan ein fly når og kor ein vil, seier Widerøe-pilot Magnus Nordstrand. Foto: Hans Ivar Moss Kolseth