I svingane på rv 15 ned mot Skåre dukkar det stadig opp deler frå bremseanlegg på tyngre køyretøy, opplyser Statens vegvesen.

– Då vi hadde kontroll i Skårebakken i Hjelledalen tysdag kom ein av bebuarane på Skåre med deler frå ei bremseskive på eit tyngre køyretøy, fortel Svein Arne Henjesand, overingeninør i Statens vegvesen.

Delene var funne i vegen litt lenger nede i bakken sist veke, og i følgje Henjesand skjer det stadig at bitar frå bremseanlegg på tyngre køyretøy er å finne i vegen i området.

På det vedlagte bildet frå Henjesand ser ein deler av bremseskiva.

– Denne har gått i oppløysing på veg ned frå Strynefjellet, seier Henjesand.

Han seier at slike funn av bremsedeler viser at kontrollane er svært viktige for trafikksikkerheita, og vegvesenet har svært stort fokus på å luke slike farlege køyretøy ut av trafikken.

– Diverre fangar vi kkje opp alle, seier Henjesand.

– Vi får berre håpe at det aktuelle køyretøyet har fått utbetra feilen med bremsane, og at det ikkje held fram å køyre rundt på vegane med 50 passasjerar eller 50 tonn last!