Stryn kommune har registrert 50 barneskadar i barnehage eller grunn-skule siste skuleåret. – Dette er rutinemessige registreringar. Alle hendingar der barn/elevar vert sende til lege/tannlege vert melde inn, seier skule- og kultursjef Hilde Lødøen.

Innmelde barneskadar blir registrerte i kommunen si postliste, og etter henvendelsar frå publikum har Fjordingen stilt spørsmål om talet på barneskadar har auka siste åra.

Naturlege svingingar

– Vi har hatt ein gjennomgang på melde skadar/ ulukker for dette barnehage-/skuleåret og samanlikna med tidlegare år. Det er ein liten auke i melde skadar dette barnehage- skuleåret, men ikkje ut over det som kan skuldast naturlege svingingar og ei auka bevisstgjering i høve å oppsøke lege/tannlege og å melde inn, seier skule- og kultursjef Hilde Lødøen.

– Er det snakk om alvorlege skadar?

– Det er ikkje registrert særleg alvorlege hendingar. Det er same type skadar som går igjen år etter år, i hovudsak munn/tenner, brotskadar og sårskadar, både i leik og i organiserte opplegg/timar.

Med tanke på seinskadar

Kommunen har forsikra alle barn/elevar i skule, barnehage og SFO.

– Det er ein låg terskel for å oppsøke lege/tannlege om det oppstår skade. Dette for å sikre at skadar og ulukker er melde til forsikringsselskapet med tanke på eventuelle seinskadar, og at foreldra skal få dekka utgifter til lege/tannlegekonsultasjonar, seier Hilde Lødøen.

– Skademeldingsskjema vert sendt til oss, som sender det vidare til forsikringsselskapet etter registrering/arkivering.

Ikkje urovekkande

Sist skuleår var det altså meldt inn 50 barneskadar.

– Vi ser ikkje tal melde skader som urovekkande, med tanke på at det er ca. 950 elevar i grunnskulen og ca. 400 barn i barnehage, seier skule- og kultursjefen.

– Gode rutinar i Hornindal

– Vi har gode rutiner for dette også i Hornindal, seier hornindalsrådmann Ann-Kristin Langeland.

– Skademeldingane blir fylte ut og sende dit dei skal «utan ugrunna opphald». Ifølgje skulen har dei hatt 30 skadar sidan mai 2014, så langt loggen går, og fram til i dag. Det er i hovudsak skadar skjedd i samband med gymnastikkundervisning.

I barnehagen er det langt færre tilfelle og ikkje noko av alvorleg karakter, opplyser rådmannen i Hornindal.