Rasmus Haugen frå Hornindal har hatt ein god motbakke-sesong. I helga var han beste løpar under 20 år i Fanaråken opp.

Fanaråken Opp vart arrangert for 15. gong laurdag. 95 deltakarar var med i konkurranseklassen i det 8,4 km lange løpet til fjelltoppen som ruvar 2.069 meter over havet.

Igjen skulle den unge honndølen markere seg på resultatlista. Med den gode tida 1.07.08 vart han vinnar i klassa 18-19 år, og tida heldt også til premie for beste løpar under 20 år.

Men mest imponerande var nok resultatet samanlikna med seniorløparane. Berre sju andre karra seg føre han på resultatlista, og ein sterk løpar som Johan Bugge (europameister motbakkeløp 2015) slo Haugen med berre knapt åtte minutt. Dette lovar godt ei lita veke før Skåla opp.