I ein kontroll utført av Statens vegvesen ved Kjøs bru og på Nordfjordeid trafikkstasjon søndag vart to sjåførar meld for brot på køyre- og kviletidsregelverket.

Den eine sjåføren hadde brot på døgnkvil og den andre sjåførenkøyrde på ein annan sjåfør sitt sjåførkort, skriv Statens vegvesen i sin kontrollrapport.

I tillegg vart einsjåfør pålagt å sikre lasta si før vidare køyring, og eit køyretøyvart avskilta på grunn av manglande periodisk køyretøykontroll.