Forsikringsoppgjera etter flaumskadane i Utvik er så smått i gang, men enno står det mykje kartlegging att. Førebelse tal frå selskapet som representerer flest skaderåka, Gjensidige, fortel om 40 skadeforhold til ein prislapp på ca 10 millionar kroner.

Gjensidige sine representantar hadde sett av heile onsdag og torsdag til å møte kundar og sjå på skadeomfanget i Utvik.

– Vi har fått avklart ein del ting og svart på spørsmål om kva som er dekka og ikkje, og snakka ein del om vegen vidare. På ettermiddagane var vi på Sjøatunet og hadde det vi kalla eit mobilt oppgjerskontor, fortel Pål Vermedal, leiar for skade eigedom i Gjensidige. På det mobile oppgjerskontoret vart mindre skadeoppgjer teke hand om der og då.

– Det kunne vere for mindre lausøyre og forskotsbetalingar for dei som treng pengar og som vi veit har mykje utlegg, forklarar Vermedal.

– Enn så lenge har vi eit estimat på skadeomfanget på ca 15 millionar kroner, men her er også andre stader som Breim teke med. Utvik utgjer kanskje omlag 10 millionar, seier Vermedal. Han understrekar at ein er i ein veldig tidleg fase og beløpa blir justert fortløpande.

– Gjorde sterkt inntrykk

Dei 40 skadane representerer heller ikkje 40 unike kundar, sidan mange har fleire skadeforhold meldt inn, både landbruk og som privatperson.

Skadane strekkjer seg alt frå mindre tap av lausøyre til svært omfattande bygningsskadar der elva har truffe bygg direkte, eller elvar som har teke nye løp og gravd seg inn i bygningane.Om der er hus som må sanerast er ikkje avklart enno.

Vermedal tykkjer det var spesielt å kome til Utvik og sjå med sjølvsyn kva omfattande skadar flaumen har gjort.

– Det var sterke inntrykk. Mange kundar med sterke historier om sjølve hendinga og timane i etterkant, at dei berre måtte springe frå hus og heim. Men eg blir audmjuk og nesten rørt over korleis ei bygd klarar å mobilisere i etterkant. Eg høyrde korleis dei skrytte av kvarandre og det viser at ein står veldig samla, seier han.

Vermedal påpeikar at det er viktig at folk tek kontakt dersom dei har spørsmål.

– Det verste er om ein går og lurer og blir frustret, seier han, og legg til.

– Dette har vore god erfaring for oss, å reise ut og sjå kundar i augene og høyre kva dei tenkjer.

Besøkte Utvik: Pål Vermedal, leiar Skade eigedom i Gjensidige, og Kjersti Fjærestad, skadehandsamar i selskapet. Foto: Gjensidige