Rektor ved Stryn vidaregåande skule, Anders Bruvoll er fornøgd med søkjartala og trur det blir ein god haust for skulen. Dei har i år fått to ekstra klassar, ein på første trinnet til bygg og anlegg og ein på første trinnet til helsefag.

– Det har vore jamt god oppfylling av klassene. Vi har i år ein ekstra klasse på første året innan helsefag og byggfag, i tillegg har vi den nye skiskytterlinja, fortel rektor Anders Bruvoll til Fjordingen.

Praksisplassar

– Årsaka til at vi får fleire klasser på helsefag og byggfag er i stor grad at kommunen og næringslivet i Stryn er så flinke til å tilby praksisplassar til elevane på yrkesfag. Stryn vidaregåande skule er heilt i toppen på talet på praksisveke per elev på yrkesfag. No har kvar enkelt elev i gjennomsnitt ti veker med praksis. På fylkesbasis er det svært høgt, fortel Bruvoll.

Ekstra førebuing

Skuleåret startar ei veke seinare i år, og lærarar og tilsette har difor fått ei ekstra veke på å førebu seg før elevane kjem på plass.

– Dei fleste ungdommane frå området vårt ønskjer å gå på skule i Stryn, så lenge vi kan tilby dei vegane dei ønskjer å gå. Det er naturlegvis ein del som må flytte eller pendle for å studere det dei ønskjer. Mange som vil gå elektro eller teknikk og industriell produksjon reiser til Eid, fortel han.

Populært med service

– For augeblinken har vi ni ungdommar på venteliste til Service og samferdsel, og fem på første året til studiespesialiserande, fortalde bruvoll før helga.

Fleire ledige plassar

– Vi har enno ledige plassar på andre og tredje året til studiespesialiserande, fortel Bruvoll. Dei nye klassene i helsefag og byggfag er allereie fylte opp.

– Diverre for dei utan ungdomsrett, så er begge klassene, på begge trinna fylt opp. Dei har tradisjonelt vore klasser med stor representasjon av denne gruppa med søkjarar, seier rektoren.

Skuleåret begynne 21. August på Stryn vidaregåande skule.