Ingvild Sætren (44) ser med spenning fram mot måndag. Då skal ho for første gong ta imot born til skulestart i rolla som rektor.

– Det var kanskje på tide å prøve noko nytt. Eg har teke ein del vidareutdanning i høve skulen, men eigentleg ikkje fått brukt det. Og så har eg snusa litt på dette med leiing. Så kombinasjonen å undervise og å leie er vel det som gjere det så interessant, seier Sætren, når vi spør den mangeårige førskulelæraren om kva som fekk henne over i skuleverket.

Med unntak av ein kort periode som lærar for 1. klassingar ved skulen i Innvik, har ho jobba i barnehagar sidan 1995. Siste 16 åra i Tonning barnehage, og dei tre siste av desse åra som assisterande styrar. Rett før sommarferien vart det klart at ho skulle inn i vikariatet som rektor og styrar ved Rand skule og barnehage. Ein skule som tel 16 elevar og tre av desse er førsteklassingar.

– Eg veit ikkje om eg kunne sett føre meg ein rektorjobb ved til dømes ein ungdomsskule. Men her blir det litt nytt og litt meir kjente ting, seier Sætren.

Tydlegare krav til fag

Vektlegging av god personalleiing er noko ho tek med seg frå tida i barnehagen.

– Å hjelpe folk til å oppnå resultat i jobben og vere ein utviklar. Det å ha eit sterkt fokus på å leie gjennom gode relasjonar og skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø tufta på det, seier ho.

– Og klarar ein i tillegg å skape god struktur så trur eg det blir mest muleg optimalt. Gode planar som blir gjennomførte, legg den ferske rektoren til.

Ho nyttar også høvet til å trekkje fram verdiane som gjeld for dei tilsette i Stryn kommune. Verdiar ho meiner er viktig ligg langt framme i pannebrasken hos den einskilde tilsette, men er også er kjent blant innbyggjarane elles. Dei fem verdiane er: Stolte, tydelege, rause, ytande og nyskapande.

– Dei brukar eg alltid ta fram for mine tilsette, seier ho.

– Kva tenkjer du vil bli den største endringa frå din tidlegare arbeidsplass?

– Det vert endå sterkare og tydelegare krav i høve fag. Her må ein heile tida måle resultat. Krav må stillast, og det kjem ein ikkje utanom, men likevel må alle vite at dei er gode nok som dei er. Så her gjeld det å finne balansen.

Heile løpet

Samstundes som det vert ein del nytt å forhalde seg til, ser Sætren at der også er fleire viktige fokusområde som skulen og barnehagen deler. Noko ho meiner er eit stort pluss.

– Det gjeld til dømes pedagogisk leiing og klasseleiing. Her har vi hatt eit felles løp, om korleis skape eit best muleg læringsmiljø. Kommunen skal også bli ein Språkkommune, og også her tenkjer ein heile løpet frå barnehage til skule, fortel ho.

Men leiing og administrative oppgåver er ikkje det einaste som fyller dagane til ein rektor ved ein liten skule. Sætren skal også undervise i 5.-7. klasse. Ho skal ha faga matte, engelsk og norsk, i tillegg til leksehjelp.

– Det er noko av det som gjer dette så spennande, at ein får gjere så forskjellige ting, seier ho, og fortel at det etter møtet med Fjordingen ventar ei lita økt i barnehagen der ho skal få dei minste i søvn.

– Vekk frå skodda

Om rektor-vikariatet er eit endeleg steg over i skuleverket, tør ho ikkje seie så mykje om.

– Eg får ta dette året først. Men skulle jobben bli fast, og eg trivst, så er det ikkje noko i vegen for at eg held fram, seier ho.

At det blir lenger reiseveg plagar ho ikkje.

– Nei, det bekymrar meg lite. No slepp eg å køyre inn i skodda slik eg har gjort i mange år, smiler Sætren.