Lite visste 13 år gamle Sophie Pickering frå Chester i England kva som venta ho då driftsleiar i Nordfjord Havn, Sølve Oldeide, kom om bord med ei aldri så liten overrasking.

Onsdag morgon la cruiseskipet Azura til kai i Olden, og om bord var cruisegjest nummer 100.000 i Olden i år. Den heldige passasjeren var altså Sophie Pickering.

Hadde ingen planar for dagen

Sophie og foreldra hadde ikkje lagt spesielle planar for kva dei skulle gjere denne dagen, anna enn å ta ein spasertur inn til sentrum. Det skulle vise seg at den planen måtte endrast på.

For med seg som gåve hadde Sølve Oldeide både tur med Loen Skylift og tur i Briksdalen.

Storslegen natur

Med ein noko høgderedd far vart Sophie og foreldra først med opp på Hoven med Loen Skylift, og ikkje uventa var engelskmennene fasinerte av turen med gondolen og utsikta.

– Dette har vi ikkje noko liknande av der vi kjem frå, seier Sophie og mor Gena. Far Paul held seg på ein armlengdes avstand frå rekkverket, men også han synest at utsikta og konseptet på Hoven er unikt.

Også turen til Briksdalen vart ein innertiar. Per Briksdal tok i mot familien, og Oldedalen skysslag organiserte eigen transport med guide med ein trollbil opp til breen. Etterpå vart familien invitert på lunsj av Briksdal.

På veg tilbake til Azura i Olden var planlegginga av neste cruise allereie i gang. Og destinasjonen? Olden sjølvsagt. At 13 år gamle Sophie har litt av kvart å fortelje venene sine når ho kjem heim til England er ikkje å overdrive.

Mykje å finne på

Det er mykje å finne på om bord i eit cruiseskip, sjølv for tenåringar.

– Eg er mykje i «kids club» med vener eg har fått om bord, og eg er ein del i symjebassenget, fortel Sophie. Ho har vore i Olden ein gong tidlegare på cruise, men då var ho så lita at ho ikkje hugsar noko særleg.

Dette cruiset starta i Southampton, og etter å ha vore i Ålesund og Olden gjekk turen til Bergen før returen til England.

Sølve Oldeide i Nordfjord Havn forventar at om lag 140.000 cruiseturistar kjem til Olden i år. Dette fordelt på 92 anløp. I år er fjerde gongen Olden passerer 100.000 besøkande cruiseturistar, første gong var i 2012.

Per Briksdal (t.v.) tok i mot famlilien Pickering i Briksdalen. Foto: Nordfjord Havn
– Noko liknande har vi ikkje heime i England, konstaterer Sophie Pickering. Foto: Thomas Thaule