Dei fleste etatar som var i aksjon under naturkatastrofa som ramma Utvik 24. juli, var til stades i ei nær fullsett kyrkje i Utvik. Under møtet hadde alle evaluering av eigen innsats og tok for seg hendingsforløpet då flaumen kom 24. juli. Korleis samspelet fungerte mellom etatane, både i fylket og kommunen vart og diskutert.

Det vart poengtert at flaumen inntrefte midt i ferietida, noko som skapte kapasitetsproblem for fleire. Stryn Energi tok sjølvkritikk på at dei burde vore flinkare med kommunikasjonen ut til kundane sine i Utvik som mista straumen denne dagen.

– 11 trafoar rauk i Stryn kommune den dagen, tre av dei var i Utvik. Vi fekk viktig hjelp frå andre selskap under denne perioden så vi fekk løyst problema, men vi kunne hatt betre kommunikasjon ut til dei straumlause kundane våre. Vi lærte noko av dette, fortalde nettsjef for Stryn Energi, Hans Ørjasæter.

– Årsaka til at vi gjer dette, er å lære av slike hendingar, poengterte Sven Flo som hadde tatt initiativet til folkemøtet.

Vil ha ny bru og nytt elveføre

Innbyggjarane i Utvik fekk høve til å stille sine spørsmål direkte til avgjerdstakarar og representantar for dei som skal avgjere vegen vidare i Utvik. NVE og Statens vegvesen var adressa til dei fleste spørsmåla onsdag.

Kritisk Per Inge Verlo meiner at ein sving i elva må rettast opp.-Trengst ikkje, meiner NVE. Foto: Roger Oldeide

– Kva vil de gjere med den skarpe svingen på elva der den går over breiddene, spurde Per Inge Verlo som sjølv vart hardt råka av flaumen.

– Det er mange andre tiltak som blir gjort i dette arbeidet. Det er mange faktorar som endrast i forhold til dagens situasjon. Mellom anna vil vi etablere store massebasseng i øvre del av vassdraget. Med det volumet av vatn vi bereknar, så meiner vi dette vil bli ei fullgod og trygg løysing i Utvik, sa regionsjef i region Vest i NVE, Brigt Samdal.

Fleire tiltak Regionsjef i NVE, Brigt Samdal meiner at store massebasseng i øvste del av vassdraget er blant tiltaka som skal syte for å unngå ein ny flaum i Utvik. Foto: Roger Oldeide

Ikkje nøgde med halvgode, førebelse løysingar

Den gamle brua er no under reparasjon, men innbyggjarane var opptekne om når, eller om ei ny og større bru skal kome på plass. Den største bekymringa onsdag var nettopp at den bruløysinga som er under bygging, endar opp som ei permanent, og lite framtidsretta løysing.

Ikkje avgjort Mange lurde på korleis Svenn Egil Finden og Statens vegvesen skal løyse bru-spørsmålet. – Mange vurderingar står att, sa avdelingsdirektøren i Statens vegvesen. Foto: Roger Oldeide

– Vi må gjere ein jobb i lag med NVE og få tilråding frå dei om det er behov for å gjere noko yttarligare tiltak her. Om det er å byggje ei ny bru eller om det er andre tiltak som må gjerast, må det i så fall kome i ei tilråding til fylkeskommunen, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden som ikkje vil spå utfallet.

– Det er eit stykke fagleg arbeid som må gjerast i forkant av dette, seier Finden til Fjordingen.

Vil øve påtrykk mot vegeigar

Stryneordføraren meinte møtet var konstruktivt, men er sjølv klar på at han ikkje er nøgd med ei bru som er bygd på eksisterande pilarar.

Ikkje nøgd Per Kjøllesdal (Sp) er ikkje nøgd med ei førebels bruløysing i Utvik. Foto: Roger Oldeide

– Stryn kommune er redd for at vi skal få halvgode, midlertidige løysingar, og så skjer det ikkje noko meir. Vi må øve påtrykk mot fylkeskommunen spesielt, som eig vegen. Vi ønskjer ei ny, framtidsretta, større og breiare bru med plass til motgåande køyretøy og mjuke trafikantar, seier Flo.