Dei komande to vekene er sjansen stor for at du vil bli stoppa i ein kontroll, og då særleg i tida rett før skulestart og ved skuleslutt. Politiet gjennomfører den årvisse Aksjon skulestart der det er eit ekstra fokus på at dei minste, mjuke trafikantane skal ha ein trygg veg til skulen.

- Det blir kontrollar ved og nær skular med fokus på beltebruk, fart, promille og handheldne mobilar, fortel Eirik Krossen ved Politiet i Stryn og Hornindal.

Han er oppteken av at det ikkje er eit mål å skrive ut flest muleg bøter, men at aksjonen skal ha ein preventiv verknad.

- Dess mindre vi skriv dess betre. Det er difor vi går ut no for å hjelpe folk til å ha fokus på dette. Vi stoppar ikkje folk for å lage dårleg stemning, seier Krossen med eit smil.

Han er særleg oppteken av at borna er godt sikra i bilane.

- Er dei dårleg sikra så gir vi heller gode råd enn bøter. Men foreldre er veldig fokusert på at ungane skal sitje trygt så det brukar gå bra. Men som alltid er det forbetringspotensiale, seier Krossen, som kjem med dette rådet.

- Start dagen fem minutt før så ein har tid til å feste bilbelte skikkeleg og ein slepp køyre for fort og har også tid til å stoppe i ein kontroll. Klarar ein det så klarar dei fleste å halde seg innan reglane.