Dei som møtte opp til Sommartreff og open dag i Liatunet i Innvik søndag, fekk blant anna sjå korleis saueklipping føregår.

Dei erfarne saueklipperane Oddvar Auflem og Matias Sølvberg demonstrerte korleis ein fjernar ulla frå sauen raskt og effektivt. Årets tema var nemleg  " frå ull til ferdige kle".

Om lag 100, både lokale og turistar, trassa regnet og fekk ly for veret i oppsette telt. Dei fekk både lære meir om ull, kjøpe heimelaga bakst og slå av ein hyggeleg prat.

Les meir i papirutgåva