For fem år sidan var Ulf-Magne Eikås (50) ein overvektig og heller uopplagd mann. Så tok han grep. Kiloane rasa av, overskotet kom tilbake og i dag er han ein av dei som flittigast stiller på lokale mosjonsløp.

– Eg fekk meg ei a-ha oppleving då eg var rundt 45 år. Eg var byrja å bli ganske stor og tung, og folk høyrde det på meg når eg prata i telefonen på jobben, at eg var tungpusta, fortel bankmedarbeidaren frå Stryn. For fem år sidan viste vekta nær 100 kg. Litt for mykje for ein som er 180 cm på strømpelesten.

– Eg var eigentleg tynn i min ungdom, men etter militæret og eg vart gift og fekk ungar så gjekk vekta jamt oppover. Eg hadde også eit ganske dårleg kosthald der det vart mange lettvinte løysingar med ferdigmat.

Vi møter han og sonen Daniel (16) i barkeløypene ved Stryn skisenter. Løyper som far og son Eikås har brukt mykje tid i dei siste åra. Her har dei pusha kvarandre i regn og sol, og lagt grunnlaget for dei utallige mosjonsløpa som dei stiller i gjennom sommarhalvåret.

– Han har vore ein veldig motivasjon, seier Ulf-Magne.

– No er han i ein eigen klasse, men vi var ganske jamngode i starten, smiler han, og ser bort på den høgreiste sonen.

– Det er han som drog meg med. Eg har eit bra konkurranseinstinkt og eg også likar å konkurrere og forbetre meg. Vi har pusha kvarandre og forbetra oss, seier Daniel.

Klarte ikkje to km

I tillegg til overvekt sleit Eikås med store mageproblem.

Eit legebesøk fortalde at han måtte kutte ut matvarer som kveitemjøl og mjølk, og gå på såkalla low-FODMAP diett. Her kuttar ein det meste av kortkjeda karbohydratar som er tungt fordøyelege. Det var først då ein fann ut av desse plagane at treninga verkeleg tok fart og framstega vart tydelege. Men han måtte starte heilt på botn.

– Eg klarte ikkje å jogge to km samanhengande sidan eg var så tung. Beina tålte det rett og slett ikkje. Så eg byrja med å sykle. Eg heiv meg ganske fort med på Skarsteinsetra opp. Litt for å få meg i gang og ha eit mål. Eg kom langt ned på resultatlista, men eg prøvde å konsentrere meg om å ikkje kome sist i mål, uansett alder, ler Ulf-Magne, og meiner han hadde ein eldre kar bak seg på resultatlista i det første løpet.

Halvmaraton-debut

Og det er først og fremst kampen mot seg sjølv som er drivkrafta når Ulf-Magne stiller på startstreken. Sykkelen vart etter kvart bytt ut med joggeskoa, og no hiv han seg med i det meste av lokale mosjonsløp.

– Det gjekk lett i starten for ein forbetra seg heile tida dei første 3-4 åra, seier Ulf-Magne. Men sjølv om han ikkje har persa seg like hyppig det siste året, så kjenner han effekten av den nye livsstilen og finn motivasjon i det.

– Eg fokuserer på at det er bra for helsa og ein får overskot i kvardagen, seier han.

Eikås nyttar også høvet til å slå eit slag for dei små mosjonsløpa som finst i lokalmiljøet.

– Eg har brukt kondis.no for å søke opp løp som ein kan vere med på både her i fylket og i Møre og Romsdal. Eg kunne godt tenkt meg at fleire glade amatørar var med. Eg vil gi honnør til alle som arrangerer løp som Kleiva opp, Skarsteinsetra opp og Strynemila. Det er utruleg flotte løp som fleire burde hive seg med på, seier Ulf-Magne.

Han meiner det også er viktig å ta treninga stegvis. Sjølv prøvde han seg på fleire skippertak då han var i 30-40-åra, men det vart aldri noko varig. Denne gongen har han lukkast med prosjektet og laurdag er han klar for sin første halvmaraton. Kva blir neste mål då?

– Visst det er vellukka på laurdag så kan det bli aktuelt med heil maraton etter kvart, smiler supermosjonisten.

Overskot: – Eg set meir pris på kvardagen. Eg har overskot og føler at livet er flott, smiler ein opplagd Ulf-Magne Eikås. Foto: Roy Aron Myklebust