Den 12. september skal ordførarane i verdsarvkommunane Stranda og Aurland møte klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) for å drøfte tiltak mot cruiseskip-forureininga i vestlandsfjordane.

– Eg går til møtet med eit ønske om at vi skal få til ei breiast mogleg semje om tiltak, seier ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) i Stranda kommune til lokalavisa Sunnmøringen.

Saman med kollega Noralv Distad (H) i Aurland kommune skreiv Tryggestad i sommar brev til miljøministeren og bad om eit møte om utforminga av nye reglar for cruisetrafikken.

Krev nasjonale reglar

Begge er dei opptatt av at miljøkrava må vere nasjonale og gjelde heile norskekysten og ikkje berre dei mest trafikkerte fjordane. Bakgrunnen er at Sjøfartsdirektoratet no er i gang med å lage forslag til nye reglar for cruisetrafikken på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet. Blant tiltaka som blir vurderte, er mellom anna lågare fartsgrenser i fjordane.

– Eg helsar tiltakspakkar mot forureininga velkommen, men dei må ikkje verke konkurransevridande, seier Tryggestad til avisa.

– Eg har sans for eit forslag om å premiere skip som ikkje forureinar. Vi kjem truleg lenger med gulrot enn med pisk, seier han.

Farleg store utslepp

Utsleppa frå cruisetrafikken er i periodar så store at dei er skadelege for både helsa og miljøet, viste ei kartlegging som Sjøfartsdirektoratet gjorde for Klima- og miljødepartementet i fjor. Ikkje minst er belastinga stor i Nærøyfjorden, Aurlandsfjorden, Geirangerfjorden og den inste delen av Tafjorden.

I sommar har òg mange turistar reagert på skipseksosen som til tider ligg tjukt i dei elles så fredelege og naturskjønne verdsarvfjordane.

– Eg kom til Noreg for den friske, reine lufta og vart sjokkert over at desse fartøya fekk lov til å pumpe ut dieselgassar heile dagen, skreiv ein britisk turist til miljøminister Helgesen etter eit besøk i Geiranger i juni.

(©NPK)