Opptil ti bokhandlarar i distriktet kan få inntil 50.000 kroner i støtte til forfattarmøte, litteraturkveldar og andre sosiale og kulturelle arrangement i butikken.

Støtteordninga er ein del av det såkalla Merkur-programmet til Kommunal- og moderniseringsprogrammet for å utvikle distriktsbutikkar.

– Eg har sjølv sett kor viktig det er å halda oppe eit godt tenestetilbod i distrikta. Både nærbutikkar og bokhandlarar er med på å skapa levande lokalmiljø, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H).

Han peikar på at bokhandlaren er ein viktig kulturberar i mange lokalsamfunn og at dei kan vera meir enn ein stad der folk kjøper bøker. Målet med tilskotsordninga er å skapa sosiale og kulturelle møteplassar på små bokhandlarar

Ordninga har fungert sidan 2008. Røynslene viser ifylgje departementet at det er mogleg å få til vekst og utvikling med nokså små investeringar.

Merkur-bokhandlarar i ein tettstad eller småby i distriktsnorge, som er den einaste bokhandlaren på staden eller i handelsområdet- og med mindre enn sju millionar i omsetnad, kan søkja om støtte.