Då Stryn vidaregåande skule starta opp skuleåret måndag var det over 300 elevar til stades. Alle VG1-klassar er fulle og ved fleire av dei er det ventelister. På VG2 og -3 er det framleis ledige plassar.

– Det er veldig positive tal og god søknad i år. På VG1 er det fulle klassar og ventelister, seier rektor Anders Bruvoll.

På VG2 og VG3 er det nokre ledige plassar for etternølarar.

Skulen har fått to ekstra klassar, ein klasse VG1 bygg- og anleggsfag og ein klasse VG1 helse- og oppvekstfag.

I tillegg kjem landslinja i skiskyting, som er ny av året. Denne vert ikkje offisielt opna før i dag.

Skulen har dette skuleåret 12 nye tilsette i staben.

Mange brikker skal på plass, her er elev Thomas Solheim Beinnes frå 2SSA og elevmentor Christian Svoren Strand frå 2STB i samtale med miljøkoordinator Therese Dispen.

Framleis litt endringar

Basisopplæringa for framandkulturelle elevar, som skjer i regi av Stryn kommune. held også til ved Stryn vidaregåande skule. Med desse elevane runda elevtalet 300 ved skulestart.

Stryn vidaregåande skule sine eigne opplæringstilbod, det vil seie studiespesialisering inkludert landslinje i skiskyting, helse- og oppvekstfag, bygg- og anleggsteknikk, service og samferdsle har til saman 286 elevar ved skulestart.

– Framleis skjer det litt endringar. Nye som kjem til og elevar som sluttar etter skulestart, seier Bruvoll.

Utfordring

– Kva er største utfordringa for komande skuleår?

– Den største utfordringa er at vi har mange framandspråklege elevar, elevar som kjem frå både frå Europa, Asia og Afrika, seier Bruvoll.

Dette har fleire årsaker, frå arbeidsinnvandring til busetjing av flyktningar, og situasjonen er felles for alle skulane i Nordfjord.

– Dette gjev ei utfordring for lærarane, både med tanke på språk og i høve til at det er variasjonar i skulebakgrunnen til dei ulike elevane, seier Anders Bruvoll.

Jamn kjønnsfordeling

Kjønnsmessig ligg elevmassen ved Stryn vidaregåande skule så nær 50/50 som mogeleg.

– Vi har ei jamn kjønnsfordeling for skulen sett under eitt, så å seie nøyaktig halvparten gutar og halvparten jenter, seier rektor Anders Bruvoll.

– Vi har framleis typiske gutefag som transport og bygg, og framleis mest jenter på helse. Men det er fleire gutar på helse dette skuleåret enn det har vore tidlegare.