Tre lastebilsjåførar måtte fjerne gjenstandar i frontvindauget, før dei fekk køyre vidare. Det skjedde under ein tungtransportkontroll på Folven i Hjelledalen måndag.

Ein lastebilsjåfør vart anmeldt for å ikkje bruike fartskriverkort i fartskriveren under køyring.

På eit vogntog var stroppene for å sikre lasta lause, og sjåføren måtte sikre lasta si betre før vidare køyring.

Ein lastebileigar hadde ikkje kalibrert fartskrivaren i bilen, og måtte på verkstad med denne for kalibrering før han kunne bruke bilen til vidare transport.

- Totalt vart ein sjåfør anmeldt, tre fekk bruksforbod og fire hadde skriftlege manglar, oppsummerer Statens vegvesen. 16 køyretøy var inne på kontrollplassen på Folven.