Stryn kommune har motteke innspel for betre utnytting av parkeringslommene langs miljøgata i Stryn sentrum.

– Dei fleste av parkeringslommene er opparbeida for to parkeringsplassar for bil. Det viser seg derimot at parkeringa i ein del tilfelle skjer på ein slik måte at ein bil tek opp begge desse to parkeringsplassane, noko som er uheldig i periodar med mykje folk og bilar i sentrum, skriv driftsingeniør Tor Guddal i kommunen.

Innspelet til kommunen går på oppmerking av ei kvitstripe som markering mellom parkeringsplassane. Bilførarar vil då bli meir merksame på sin del av parkeringslomma, og det vil medverke til betre parkering.

Også dei parkeringslommene med lenger utstrekning må merkast opp på same måte, inkludert skravering ved inn-/utkøyrsler mellom bygga i gata, heiter det i innspelet.

– Stryn kommune oppmodar Statens vegvesen om å vurdere eventuell etablering av dette for å forbetre parkeringssituasjonen i miljøgata, skriv Guddal ved avdeling for kommunalteknikk.