Ei gravemaskin sto i full fyr i eit steinbrot, om lag 100 meter frå Kjøs bru i Hornindal kommune.

- Det er ingen personskade, og ingen fare for at elden skal spreie seg, opplyser politiet ved Stryn og Hornindal lensmannskontor. Brannvesen og politi kom til staden og fekk raskt slokka brannen.

- Ein person er sendt til legesjekk etter å ha blitt eksponert for røyk, seier brannsjef Ståle Hatlelid.

Det er ukjend kva som forårsaka brannen