Bingoen under Oktoberfesten var øyremerka den gløymde svoltkatastrofa i Jemen og Aust-Afrika.

– Det kom inn 34.000 i kontantar. I tillegg ein god del på Vipps. Det har eg ikkje heilt kontroll på kor mykje enno, men vil anslå ca 45.000 kroner totalt, seier Per Eilert Ommedal frå Stryn Røde Kors, som er svært takksam for bidraget.

Han opplyser at det i tillegg til bingoen kom inn nokre tusen på standen Røde Kors sjøve hadde i gata laurdag, så totalt anslår han samla beløp til nærare 50.000 kroner.

Bingovertane Geir Tonning, Marius Flo og Kristian Hansen. Foto: Roy Aron Myklebust