– No har vi 4-5 på same alder. Det er det beste sidan Anders Fannemel.

Det seier hopptrenar Lorentz Fannemel, som forøvrig er søskenbarnet til Anders.

I helga var det hoppsamling i plastbakkane ved Nordfjord fritidssenter på Fjelli i regi av skikrinsen, og sjølv om det ikkje kan seiast å vere mange som driv denne idretten, så meiner Fannemel at ting er på rett veg.

– Det går absolutt litt betre. Men det er framleis veldig skjørt, seier han.

Og at det er langt mellom anlegga, og då særleg for sommarhopping, gjer ikkje akkurat rekrutteringsarbeidet enklare. Då er ein avhengige av foreldre som Ellen Fredheim frå Hafslo. Dei er i gang med å byggje opp eit miljø gjennom SogneHopp, og ho fortel at dei køyrer jamt ein gong i veka til Bjørkelibakken på Fjelli for å trene gjennom sommaren.

Sjå film: Hopphelg i Bjørkelibakken

– Eit flott anlegg

Ein av dei som tek den to og ein halv timers lange turen, kvar veg, er sonen Bård Inge Fredheim (12). Han var også deltakar på samlinga i helga.

– Eg har drive med hopping sidan 2. eller 3. klasse, trur eg. Vi fekk ein slik brosjyre på skulen og eg tykte det såg artig ut. Så prøvde eg eit par gongar og fann ut eg ville fortsetje med det, seier 12-åringen.

Av lokale deltakarar fann vi blant anna Eirik Flo Stavik (13) og Torje Seljeset (12).

– Eg tenkjer kanskje kombinert, ikkje berre hopping, seier Seljeset, som har synt seg som eit stort langrennstalent. Han har ein pers i bakken på 37 m.

Samlinga gjekk over to dagar og søndag var også Gyda Enger med som trenar. Den tidlegare aktive hopparen kjenner Bjørkelibakken frå tida som utøvar.

– Det er eit flott anlegg og burde nyttast meir enn det gjere, seier ho.

Ho skulle gjerne sett fleire jenter i bakken.

– Ja, eg skulle gjerne det. Men no har fokus vore å få litt liv i miljøet i Sogn og Fjordane generelt. Så håpar vi å få med jenter på sikt, seier ho.

EIRIK OG TORJE: Eirik Flo Stavik (13) og Torje Seljeset (12) var med på samlinga.
FLOTTE FORHOLD: Det var eit strålande vêr under hoppsamling i Bjørkelibakken. Foto: Roy Aron Myklebust