Folk i tre av ti norske heimar set på vaskemaskina elleroppvaskmaskina når dei går og legg seg eller utan at det er folkheime, viser ny undersøking. Det bør det blir slutt på, meinerbrannekspertar.

– Etter komfyren er vaskemaskiner, oppvaskmaskinerog tørketromlar nokre av dei mest brannutsette el-apparata vi har.Desse bør berre nyttast medan det er vaksne til stades i bustaden,og ikkje om natta når alle ligg og søv, seier konsernsjef MortenThorsund i forsikringsselskapet If.

If står saman med Norskbrannvernforening og Direktoratet for samfunnstryggleik ogberedskap bak den nye spørjeundersøkinga i samband med den årlegeBrannvernveka som går av stabelen i desse dagar. I undersøkingakjem det fram at det først og fremst er barnefamiliane som brukarvaskemaskinene på ein måte som kan vera brannfarleg.

36 prosent avbarnefamiliane brukar vaskemaskin utan tilsyn og 21 prosent gjerdet same med tørketrommel.

– Tidsklemma kan vera brannfarleg.Hushaldsapparat der vasselement og elektronikk møter støv og fukt,kan dessverre utgjere ein fare, seier administrerande direktør RolfSøtorp i Brannvernforeningen. Ettersom fleire og fleire fårautomatiserte straummålarar, fryktar han at fleire vil bli freistatil å bruke vaskemaskiner om natta på grunn av lågare pris påstraum og nettleige.

I spørjeundersøkinga svarar nesten halvparten(48 prosent) at dei kan bli økonomisk motivert til å brukeoppvaskmaskiner, vaskemaskiner og tørketromlar om natta.

(©NPK)