Sju av ti unge er heime meir enn to kveldar i veka. Det viser einrapport frå Ungdata.

Stadig fleire brukar kveldane heime hos segsjølv, og ikkje hos venner. 72 prosent av ungdom på ungdomsskule ogvidaregåande oppgir at dei har vore heime hos seg sjølv to kveldareller meir i løpet av den siste veka. Det viser tal frå Ungdata somhar kartlagt vanane til norske ungdommar. Av desse igjen seier 23prosent av ungdomsskuleelevane og 20 prosent av dei på vidaregåandeat dei har vore heime kvar kveld i minst seks av dei siste sjudagane.

Dette er ei klar endring sidan 2011 då 75 prosent haddevore heime hos venner den siste veka. I år har denne delen falletil 60 prosent. Forskingsleiar i Ungdata Anders Bakken, seier tilP4 at han ikkje er bekymra.

– Vi antar at dette handlar omsmarttelefonar og nye kommunikasjonsformer. Det er fint at unge fårfleire sosiale arenaer.

– For nokon kan det bli litt velaltoppslukande og dersom det tek all tida deira blir det kanskjeeit meir avgrensa ungdomsliv enn det å vere saman fysisk også,seier Bakken.

(©NPK)