Johan Eirik Meland frå Markane IL er ein av dei, og stryningen håpar å kunne hevde seg.

– Topp 10 ein av dagane er eit realistisk mål, sjølv om formen ikkje er heilt på topp om dagen. Men eg gler meg veldig til å konkurrere igjen, og sjekke kva status er i forhold til konkurrentane, seier Meland, som har opningsrennet på Sjusjøen om to månader som eit endå større mål.

Brødrene Bø stiller

Også Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø stiller i NM i rulleskiskyting.

–Begge er i rute og alt er klart, det ser bra ut så langt for dei, seier landslagstrenar Egil Kristiansen til Fjordingen.

I fjorårets NM fekk Johannes Thingnes Bø beste tid, men vart diska etter å ha gått feil.