Fjordingen har fortalt om Hornindal kommune sitt initiativ til å dumpe bilvrak i Hornindalsvatnet, tilbake i 1977. Noko også denne innringaren applauderte.

– Eg ser at Hornindal skal kvitte seg med bilvraka sine. Og måten dei har tenkt å gjere dette på er beint fram brilliant. Midtfjords, på 500 meters djup vil ikkje bilvraka gjere skade i heile teke, seier den anonyme innringaren til Fjordingen.

Han meiner dette er noko også andre skjemmande bilvrak bør få ta del i, ikkje minst frå Stryn.

– Om det blir dumpa ti eller hundre vrak skulle ikkje det bety noko frå eller til, er konklusjonen. Han oppmodar NAF og andre organisasjonar om å kontakte Hornindal kommune.

Sjå film om kva som skjuler seg i Hornindalsvatnet her.

10ELLER 100, INGA BETYDNING: Innringaren tok til orde for at fleire bilvrak enn dei i Hornindal burde dumpast i vatnet. Foto: Roy Aron Myklebust