Han har kunne telje seg fram til heile 43 ulike nasjonar i gjesteboka denne sommaren.

– På det jamne har dette tidlegare lege på omlag 30. Dei kjem frå Asia, Amerika, Sør-Amerika, Australia, Taiwan, Singapore og heile Europa, fortel Tomasgard. Saman med kona har han drive utleige sidan midten av 80-talet.

– Det er ho som er sjefen for dette, eg er berre lakei, seier han spøkefullt.

I tillegg til dei fem hyttene leiger dei også ut eit gjestehus. Eit hus som fram til ca 1930 fungerte som hotell på Hellesylt, og som vart flytta til Hornindal av slektningar av Tomasgard.

– Det har vore stort sett fullt her heile sommaren. Mest par men også litt barnefamiliar.