Medan Stryn har gått på to knepne tap i sesong-innleiinga står motstandar Bergen Vest med ein uavgjort og to stortap så langt.

Tabellnaboane møtest til 2.divisjonsoppgjer i Strynehallen søndag, og Stryn sin målvakt Oddbjørn Håvik får eit gjensyn med gamle lagkameratar.

– Vi har tru på siger, og veit kva vi må jobbe med. Forsvarsspelet har tidvis vore bra, og det må det fortsatt vere. Når det gjeld angrepsspelet så må vi bruke meir tid, vi har avslutta mange av angrepa for fort i dei to første kampane. Vi har også hatt for mange tekniske feil som har kosta oss dyrt, seier Håvik, som trur laget vil bli endå meir samspelt etter kvart.

Søndag spelar damelaget sin første kamp for sesongen, når Fyllingen 2 kjem på besøk. Etter berre to sigrar førre sesong i 2. divisjon håpar laget på nokre oppturar når dei i år skal spele i 3. divisjon.

- Det er små detaljar som skil siger frå tap, og vi må få desse detaljane på plass for å vinne kampar, seier trenar Leon Pavlovic.

Stryn sitt damelag i 3. divisjon møter Fyllingen 2 i seriepremieren i Strynehallen i dag. Foto: Stig Høynes