Mange fødande fekk mellom to og tre timar køyreveg til nærmaste fødeavdeling etter at dei to fødeavdelingane vart lagde ned. Både tilsette ved sjukehusa, lokalpolitikarar og befolkninga i dei aktuelle områda reagerte.

Avdelingane vart lagt ned for godt hausten 2012, men etter fem år kjenner ikkje jordmødrene ved dei to sjukehusa til eit einaste tilfelle der nokon har måtta føde utan fagfolk til stades, melder NRK.

– I verste fall-tankane har ikkje slått til, seier leiar Merete Melheim ved God Start-eininga på Nordfjord sjukehus.

Mellom fem og ti fødande får årleg barn i ambulanse eller som nødfødsel på God Start-einingane i Lærdal eller Nordfjordeid. Det er i dei tilfella der fødslane går for fort til å nå fram til sjukehusa i Førde, Volda eller Voss.

God Start-einingane sitt tilbod om barselopphald har blitt ein suksess.

I Lærdal brukar mellom 100 og 110 kvinner tilbodet årleg. I Nordfjord brukar no nær 80 prosent av dei fødande i regionen eininga, i år vil talet brukarar nærme seg 200 kvinner.

(©NPK)