Rådmannen orienterte både formannskapet og kommunestyret om budsjettet.

– Handlingsrommet ligg i eigedomsskatten, sa rådmann Rune Hovde og viste til at inntektene for eigedomsskatt i kommunen i 2017 er på drygt 11,2 millionar kroner til kr. 17,3 millionar kroner i 2018.

– Men vidare i åra som kjem vil ikkje dette talet auke, poengterte Hovde som la fram eit dystert bilete for det komande budsjettet.

– Når alle vedtak som er gjort i år er innrekna, saman med lønns- og prisstigningar, så ender vi på minus 7,5 millionar kroner. Det betyr at ingen av dei som ønskjer pengar, er innrekna, sa Hovde.

Saman med administrasjonen vil rådmannen sjå nøyare på driftskostnadane i kommunen. Han nytta orienteringa til å oppmode politikarane om å tenkje på kor ein kan spare eller omprioritere den kommunale pengebruken.

– Vi må finne ut om vi har tenestetilbod med eventuell overforbruk, sa Hovde.

Ordførar Sven Flo sa at kommunen har vore kjend med slike situasjonar tidlegare.

– Vi har sett verre tal enn dette, men dette må vi forholde oss til. Vi må skru oss inn for å skaffe oss handlingsrom, sa Flo.