Hornindal kommune har vore i kontakt med NIVA (Norsk institutt for vassforsking) og Sogn og Fjordane fylkeskommune via Vassområdeutvalet i Nordfjord om eventuelle tiltak i Hornindalsvatnet.

På vegner av kommunen har miljøvernleiar i Hornindal kommune, Ståle Hatlelid, søkt om midlar til å utføre diverse vassprøver der ein testar vatnet for ei rekkje ulike parameter.

Har søkt midlar Miljøvernsjef i Hornindal kommune, Ståle Hatlelid, har søkt Nordfjord Vassområdeutval om midlar til vasstesting

– Det er snakk om å teste vatnet spesifikt for mellom anna olje, batterisyre og frostvæske, seier Hatlelid.

Hensikta er å friskmelde vatnet for miljøgifter. Vatnet skal nyttast som drikkevatn for både Hornindal – og Eid kommune.

– Vi vonar utfallet ikkje vil krevje heving av bilvrak. Det er snakk om store pengar om vrak skal hevast utanfor Kjøshammaren, seier miljøvernsjefen.

Filmbevis: Sjå funna i Hornindalsvatnet

Prosjektleiar i Fylkeskommunen og Nordfjord Vassområdeutval, Staffan Hjohlman, bekreftar at Hornindal kommune søkjer midlar til vassprøver i Hornindalsvatnet. Han seier utvalet vil ta ei avgjerd i haust på korleis midlane som er øyremerka «miljøovervaking» skal nyttast.

Hjohlman seier at det kan bli aktuelt å teste både vatn og avsetning på botnen ved Kjøshammaren