Grunna den tidvis sterke vinden har ein sett seg nøydde å halde pendelbana til Hoven stengt dei siste tre dagane.

- Vinden har vore oppe i orkan i kasta og på 1.000 m.o.h. så blir det ikkje akkurat mindre vind, seier salgs- og aktivitetsansvarleg i Loen Skylift, Odd-Rune Flo.

Han fortel at det også tidlegare har vore periodar dei har halde stengt, men då gjerne berre nokre turar til vinden har løya. Tre dagar samanhengande er ekstraordinært.

- Det har vore mange bestillingar til denne helga, så det er trist både for dei og for oss med tanke på tapt omsetnad, men sikkerheten kjem først, seier Flo.

- Det er ikkje snakk om fare for at vognene skal falle ned eller noko, men at det vil vere ubehageleg. Bana er dimensjonert for å tole endå meir enn dette, forsikrar han. Det er vaktleiar som heile tida gjere vurderingar ut frå vindmålingar sett opp imot klare retningslinjer som er nedfelt.

Då vi var i kontakt søndag føremiddag hadde dei gjennomført ein første tur sidan onsdag, og satsa på å halde fram med nye utover dagen.

- Vi håpar det stilnar av litt, men må sjå situasjonen an, seier Flo.