Sogndal 2 vann "seriefinalen" mot Stryn på Stryn stadion i ettermiddag. Med 4-1 siger er det dermed klart at det er sogndølene som rykker opp til Regionligaen. Stryn ligg fire poeng bak Sogndal 2, og med ein kamp att kan dei ikkje ta att forspranget.

Sogndal 2, som ikkje uventa stilte eit sterkt lag, gjekk ut i høgt tempo og tok kommandoen frå start mot Stryn. Etter 14 minutt sprakk nullen etter rot i stryneforsvaret. 0-2 kom etter tjue minutt. Stryn ropte på offside, men til ingen nytte. Då 0-3 kom på corner to minutt etter var i praksis kampen køyrt.

Stryn kom noko betre med mot slutten av omgangen og fekk låne ballen litt, og reduseringa til Vegard Sæten Hopland var av det vakre slaget. Frå 16 meter plasserte han ballen i krysset.

Etter pause kom Stryn betre med, men Sogndal 2 var framleis hakket kvassare og skapte dei største sjansane. Med 1-4 etter ein knapp time var opprykkskampen definitivt over.

- Sogndal 2 var eit betre lag og vann fortent. Skuffande at vi ikkje klarte å halde spenning i kampen lenger, og baklengsmåla kom litt for tidleg, seier Stryn sin trenar Johann Sigurdsson.

Uansett så var det ikkje i denne kampen at opprykksdraumen rauk for Stryn. Bortetapet mot Eid til dømes viste seg å koste for dyrt.