Samla for fylket er det lagt opp til 55,8 mill. i skjønnsmidlar til kommunane i 2018. Dette er ein reduksjon på 6,5 mill. i høve 2017.

Kommunar med høge utgifter til særleg ressurskrevjande brukarar, høgare sats for arbeidsgjevaravgift, særlege utgifter knytt til å vere vekstsenter, språkdeling (nynorsk/bokmål) og svak økonomi og er prioritert i skjønnsfordelinga. Dette skriv Fylkesmannen i Sogn og Fjordane på sine nettsider.

Nasjonalt er basisramma for skjønnsmidlar til kommunane redusert med 91 millionar kroner frå 2017. Sogn og Fjordane har fått redusert ramma med 6,5 mill. kroner, til 55,8 mill. Dette er ein reduksjon på 10 prosent. I 2016 var skjønnsramma til fylket 73,3 mill. kroner, slik at reduksjonen over to år er 17,5 mill. kroner.

Nedgong for Stryn- auke for Hornindal

Stryn får ein reduksjon på 100.000 kroner samanlikna med i år, frå 600.000 til 500.000 kroner. Hornindal kjem på si side betre ut, og får ein auke i skjønnsmidlar frå 100.000 til 300.000 kroner. Saman med Eid er Hornindal den einaste kommunen som får auke, elles er det reduksjon eller ingen endring samanlikna med i år kjem det fram i oversikten til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.