Thomas Bakka frå Hornindal har teke doktorgrad ved NTNU. Nye forbindelsar som kan brukast til behandling av infeksjonar står sentralt i doktorgradsarbeidet til honndølen.

Bakka disputerte i september med avhandlinga «Synthesis and Antimicrobial Evaluation of Small Molecule Amphiphiles Derived from Amphiphilic Antimicrobial Natural Products».

– Prosjektet har vore å lage nye forbindelsar med antibakterielle effekter mot ei rekke bakteriar som kan forårsake sjukdom hjå menneske, fortel Bakka til Fjordingen.

Han fortel at den sterke auken i bakteriar som er resistente mot antibiotika har vore ein sterk inspirasjon til arbeidet.

– Eg valde dette temaet på bakgrunn av den skremmande auken i infeksjonar forårsaka av resistente bakteriar. Det er ganske skremmande å tenkje på ei framtid der ein ikkje har noko å behandle infeksjonar med! seier han.

Inspirasjon frå naturstoff

Dermed vart det ei sentral oppgåve å identifisere nye, potensielle forbindelsar som kan brukast til å behandle infeksjonar med.

– Så i tillegg til at eg fekk gjere spennande kjemi på NTNU så var det ekstra kjekt å jobbe med ei såpass viktig problemstilling, seier Bakka.

Inspirasjon vart henta frå marine naturstoff som har vore isolert frå Barentshavet.

– Desse naturstoffa viste seg å ha interessante, antimikrobielle aktivitetar. Målet vårt var å lage forbindelsar som var like aktive som naturstoffa, men enklare å framstille på eit laboratorium, seier Bakka.

Behandling av augesjukdommar

Honndølen har etter disputasen flytta til Oslo og byrja i ny jobb.

– Då eg var ferdig med doktorgradsarbeidet ved NTNU så starta eg å jobbe i ei bedrift på Forskningsparken i Oslo som heiter Biozep, fortel han.

– I Biozep jobbar vi med å utvikle modifiserte feittsyrer til behandling av augesjukdommar som blant anna AMD (aldersrelatert makular degenerasjon).

Også dette spennande og viktig arbeid, men Bakka passar på å ikkje tilbringe all tida si på eit laboratorium:

– Eg spelte ein del rugby for NTNUI, no har eg drive litt med Brazilian Jiu-jitsu. Elles har eg ein finsk lapphund, og så fekk eg flugestong av kona til bryllaupet, så det blir nok ein del fiske framover!

– Det var ekstra kjekt å jobbe med ei såpass viktig problemstilling, seier Thomas Bakka. Foto: Per Henning /NTNU