Forslaget til regjeringa til rammetilskot for Den norske kyrkja aukar frå 1. 969.173 kroner til 1. 991.100 kroner på statsbudsjettet i år. Frå årsskiftet blei arbeidsgjevaransvaret for prestane overført til Kyrkja, og Kyrkjerådet meiner auken ikkje vil kunna oppfylle normal løns- og prisvekst.

– Som ansvarleg arbeidsgjevar kunne ikkje regjeringa ha gjort dette, men no nyttar ein første høvet, seier leiar Kristin Gunleiksrud Raaum i Kyrkjerådet i ei pressemelding.

Raaum viser til at Kyrkjerådet allereie i desember 2016 presenterte tal for det dei rekna som kritiske faktorar i statsbudsjettet for 2018. Rammetilskotet skal dekkja prestetenestene til Kyrkja og dei kyrkjelege regionale og nasjonale organa.

– No vil fleire kyrkjelydar bli ramma av at regjeringa presenterer endå eit svakt kyrkjebudsjett, peikar Raaum på.

Budsjettproposisjonen peikar på effektiviseringspotensialet i Den norske kyrkja. Direktør i Kyrkjerådet, Jens-Petter Johnsen, viser til at Kyrkja allereie har gjort ei samordning av ei rekke administrative funksjonar i dei elleve bispedømmeråda.

– Regjeringa kan jo ikkje vurdera heile rammetilskotet til Den norske kyrkja ut frå venta effektivisering, kommenterer han.

(©NPK)