Dei miljøbevisste strynejentene googla seg fram til at isopor har hei nedbrytningstid på 1000 år i naturen. I løpet av helga hadde isoporen blitt køyrd over av utallige bilar, og knust til hundrevis av småbitar, fortel Frank Mikkelsen.

– Når ingen hadde rydda opp i forureininga på søndagen, valde Kine og June å ta saka i eigne hender. Resultatet vart ein full sekk med isopor som vil bli levert på miljøstasjonen på Svarstad i løpet av veka, fortel Mikkelsen.