– Norges Bygdekvinnelag har oppmoda oss om å delta, og då særleg for å promotere norsk grønt, fortel Reidun Brynestad som er leiar i lokallaget i Olden. Anne Marie Revheim og Marit Opheim var også med på standen dei hadde rigga til utanfor ein av daglegvarebutikkane. Der serverte dei smaksprøvar av utvalde grønnsaker. Sidan det er epledagen tysdag slo dei to fluger i ein smekk, og baud på epler i tillegg.

– Epla har vi fått av Fruktlageret i Innvik medan grønnsakene har vi handla inne på butikken. Men alt er norsk, forsikrar Brynestad. Ein smakfull dip hadde dei også å by på, til dei som ville knaske ei gulrot eller purrestang på veg til eller frå butikken.

– Vi får ikkje tak i norske råvarer heile året, men vi må bruke når dei er her. Og så må vi støtte den norske bonden, oppmodar Brynestad.