Per Garen, eigar og direktør ved Hotel Videseter/Yris Eigedom, har søkt grensejustering med det mål å flytte både Hotel Videseter og fv 258 over frå Stryn kommune til Skjåk kommune. Ei slik flytting vil i tilfelle og innebere at området vert lagt over frå Sogn og Fjordane til Oppland.

Ein kvar innbyggjar er i sin fulle rett til å be om utgreiing om grensejustering, slik Garen har gjort. Vanleg prosedyre er at saka først går til kommunane med spørsmål om det skal setjast i gang ein utgreiingsprosess. Vert det ei sak, vil ho bli endeleg avgjort av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Så langt har eit samrøystes Stryn formannskap gjort vedtak om at det ikkje er behov for vidare utgreiing. Skjåk formannskap skal handsame saka i dag (tysdag). I tilrådinga til politikarane seier rådmannen i Skjåk at han ikkje ser nokon grunn til å gå vidare med utgreiing av grensejustering.

Det vil vere oppsiktsvekkjande om Skjåk formannskap kjem fram til anna formelt vedtak enn Stryn. Både fordi det handlar om gjensidig respekt mellom naboar og fordi området Garen ønskjer flytta over til Skjåk har stor verdi for Stryn i dag. På sikt kan området bli endå meir verdifullt.

Medan det i søknaden om grensejustering heiter at «dette området ligg i eit fjellparti som har liten eller ingen verdi for Stryn», er faktum det motsette. Det burde vere nok å nemne sommarskisenteret og den reklameverdien dette har for Stryn som reiselivsprodukt, samt området som beiteareal.

Eventuell grensejustering vil bety at Stryn går glipp av fallrettane frå Tystigen og nedover Videdalen. Stryn kommune har i fleire omgangar signalisert sterkt ønske om skånsam kraftutbygging i dette området. Det er ikkje utenkeleg at ei framtidig regjering vil opne opp for kraftutbygging i området. Då snakkar vi ikkje om «eit fjellparti som har liten eller ingen verdi for Stryn kommune».

Verken fylkesmannen eller departement bør bruke meir energi på denne saka enn å leggje ho vekk.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør