Frå Fjordingen for 10 år sidan:

Nils Tharshan Thayananthan frå Stryn har vunne NM i overklokking av datamaskiner. Han var best i konkurransen om å få ulike datakomponentar til å yte meir enn dei er laga for.

– Eg hadde ikkje rekna med å vinne, men det gjekk bra til slutt, seier ein glad norgesmeister. Han er knapt 16 år, og var yngste deltakar. Det var også første gangen han var med på ein slik konkurranse. Overklokking går ut på å få ulike datakomponentar som prosessor, skjermkort og minnet til å yte meir enn det dei er produserte til, og tevlinga føregjekk The eXperience i Vallhall Arena i Oslo. Etter å ha kome vidare etter open kvalifisering på nettet med rocknamnet Tharsan var Nils ein av ti finalistar. Det var ein ny, beinhard kvalifiseringsrunde med svært kort tid å arbeide på, men Nils greidde å gå heilt til topps. Han går i første klasse allmennfag ved Stryn vidaregåande.

Han har drive med dette sidan i fjor, og premien var datautstyr til ein verdi av nesten 15.000 kroner. Han kjenner ikkje mange andre som har denne hobbyen, men han møter andre ungdomar i gruppa ferske Fjelljom.