– Fantastisk! Vi hadde vel ikkje drøymt om slik entusiastisk og hjartevarmande respons som vi faktisk fekk, seier operasjef Kari Standal Pavelich etter at Helge Sunde sin opera «Sildagapet» gjekk for smekkfulle hus.

I eit musikalsk landskap ein stad mellom Grieg og Gershwin tok komponist Helge Sunde og forfattar Jostein Avdem Fretland publikum med tilbake til det eventyrlege sildefisket i Måløy på 1950-talet. Her var det Snurpedans og frelsesarmé, ung kjærleik, sjalusi og drama på havet, solistar med i hovudsak lokal tilknyting (Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, pluss ein innlånt nordlending), eit solid orkester og eit flott lag av dugnadsarbeidarar både på og bak scena.

Og publikum kom. Ikkje minst på dei siste førestillingane, som gjekk for fulle hus med ekstra-stolar dei fire siste framsyningane.

– Opera Nordfjord er strålande nøgde med den store publikumsoppslutnaden. Med generalprøva var det til saman 4.100 som såg operaen. Vi hadde sjølvsagt håpa på stor interesse og at folk vart begeistra, men vi hadde vel ikkje drøymt om slik entusiastisk og hjartevarmande respons som vi faktisk fekk, seier operasjef Kari Standal Pavelich til Fjordingen.

– Dette viser at ei god lokal historie skapar entusiasme og interesse. All ros til Jostein Avdem Fretland som laga ei god, ganske komprimert historie med «alle ingrediensane» for ein vellukka libretto, og til Helge Sunde, som gav historia liv gjennom inspirerande, rørande og sterk musikk, seier operasjefen, som også rettar stor takk til regissør Ronald Rørvik og dirigent Michael Pavelich, som forma handling og musikk, og til Åse Hegrenes og Sunniva Bodvin med ansvar for scenografi og kostyme.

Fletta inn: Felespelar Arne M. Sølvberg og komponist Helge Sunde. Slåttar frå Nordfjord var fletta inn i operamusikken fleire stadar.

– Og til Ovar Holmen som debuterte som lysdesignar og sjølvsagt ikkje minst til heile solistlaget som gav liv til alle rollefigurane.

At det var valt solistar med regional tilknyting har nok også vore ein viktig faktor akkurat i år, meiner operasjefen.

– Vi er ganske sikre på at mange var på opera for aller første gong, og at temaet var utslagsgivande for mange. No håpar vi at dei nye operavenene kjem tilbake og opplever Puccini og «La Bohème», seier Kari Standal Pavelich.

– Vi håpar og trur at «Sildagapet» har vore med på å rive ned myten om at opera er utilgjengeleg for mange og «ikkje noko for dei». Opera er for alle!