Hornindal har i søknad til fylkeskommunen bede om å få legge ned vegskinner over Den Trondhjemske Postvei ved Kjøs hyttefelt. Dette området er regulert som kulturelt bevaringsområde Postveg. Her følgjer strenge krav til både bruk og vedlikehald.

– Det er vanskeleg å sjå at nedlegging av vegskinner eller rekkverkskinner i vegbana er den rette måten å ta vare på dei kulturhistoriske verdiane til vegen. Den mest nærliggande grunnen til at eldre veganlegg ikkje tørkar opp skriv seg ofte til utforming av grøfter, stikkrenner og bruken av vegen. Vegbana tørkar best opp der det er opne grøfter mot bakken, skriv Fylkeskommunen i sitt svar til søknaden.

Dei tilrår i staden at det vert utarbeidd ein eigen skjøtselplan for postvegen i dette området. Dei tilbyr seg vidare å stille på synfaring eller møte der tiltak og plan er tema.