Eit tjuetals personar frå redningstenestene i Nordfjord har delteke på det omfattande kurset som har gått over fire dagar. Gjennom teori, modellbordøvingar og til slutt fullskalaøvingar har deltakarane frå HV, blålys-etatane, Røde Kors og Sivilforsvaret blitt betre rusta for det som skjer på ulukkesstaden.

– Ja, det er dei operative uteleiarane frå desse etatane som er hovudmålet for kurset. Tema er innsatsleiing i akuttfasen og vi jobbar mykje med naudnett, kommunikasjon og felles situasjonsforståing, seier kursleiar Svend Åge Holte. Han er tilsett i Sivilforsvaret, ved det nasjonale kompetansesenteret på Starum ved Gjøvik. Det er dei som gjennomfører kursa på vegne av Direktoratet for Samfunnssikkerhet og beredskap. Det er tidlegare avvikla tilsvarande kurs i Sogn og Sunnfjord.

Tunnelulukke

Kurset på Nordfjordeid heldt hus i Firda Kaserne og vart gjennomført i samarbeid med Sogn og Fjordane Sivilforsvarsdistrikt og øvingsutvalet i Sogn og Fjordane. På kurset har instruktørar frå Trøndelag Brann og Redning og Øst politidistrikt vore sentrale, i tillegg til fleire lokale føredragshaldarar.

– Samvirke er veldig viktig. Om ein merkar seg det justisministeren og andre leiarar seier om dei store hendingane vi har hatt fleire av dei siste åra, så er dette med samvirke noko dei alltid gjentek, seier Holte.

– Og sjølv om alle er klar over dette så treng vi å øve på det, legg han til.

På dette kurset var det øving på trafikkulukke i Breisvortunnelen og ved den vidaregåande skulen på Nordfjordeid. Øvinga i tunnel gjorde at vegen måtte stengast to timar torsdag ettermiddag. Holte gir ros til Statens vegvesen og fylkeskommunen for godt samarbeid.

Frå Stryn deltok brannvesen, politi, ambulanse og Røde Kors, medan brannvesenet stilte frå Hornindal.

– Skal gi ein tryggare kvardag

Holte er oppteken av at øvingane ikkje berre er for øvinga si skuld.

– Dei gir forhåpentlegvis ein tryggare kvardag for dei som køyrer tunnelane kvar dag og for dei som går på skulen. Det er difor vi gjere dette. Heile målet er å lage ein tryggare kvardag for dei som bur her.

Brannvesen, politi og ambulanse er på plass. Her handlar det om å skaffe seg best muleg oversikt over situasjonen. Det blir bestemt å sende røykdykkarar inn i tunnelen. Foto: Roy Aron Myklebust
Naudnett, kommunikasjon og felles situasjonsforståing er avgjerande i akuttfasen. Her ser vi brannsjef i Stryn John Jatgeir Vinsrygg ved inngangen til Breisvortunnelen. Foto: Roy Aron Myklebust