Denne veka fremja ho forslag i Stortinget om å ta frå kommunane moglegheita til å seie ja til utbygging på dyrka og dyrkbar mark.

– Matjord er ein nasjonal verdi og ei nasjonal sikkerheitsinteresse vi har knapt av. Dette bør kommunane sleppe å vurdere opp mot lokale omsyn. Det er tydeleg at systemet ikkje fungerer når vi ser kor mykje matjord som blir bygd ned kvart år, seier Bastholm til Bergens Tidende (BT).

Ho ser for seg at fylkesmennene eller statlege departement tar over ansvaret.

Nasjonalt er målsettinga å ikkje å fjerne meir enn 4.000 dekar dyrka mark årleg. I 2016 blei over 6.000 dekar dyrka mark bygd ut.

(©NPK)