Fylkesveg 664 Grodås-Otterdal er stengd laurdag, etter at det gjekk eit steinras over vegen i natt. Ein god del stein losna langt oppe i fjellet, og raset er om lag 50 meter i breidde.

Statens vegvesen og geolog har vore på staden laurdag med helikopter for å vurdere forholda.

- No har vi vore saman med geolog i området. Dette er ei ustabil fjellside, men vi meiner det er trygt der steinane losna. Difor startar vi opprydding, og satsar på opning i dag før det blir mørkt. No er det fine forhold, det var mykje verre med nedbør i natt, seier vakthavande Lars Erik Karlsen, som er prosjektleiar drift og vedlikehald Fjordane i Statens vegvesen.

Vegen opna laurdag ettermiddag i 17-tida.

Han oppfordrar folk til å halde seg oppdatert på vegane i fylket på Vegtrafikksentralen