Loen Skylift er kåra til Årets Gründer 2017 i Sogn og Fjordane ogfår med seg 100.000 kroner.

- Pendelbana i Loen har sidan oppstarten i mai hatt rundt 85.000besøkande, noko som er 30.000 fleire enn budsjettert. Bana er ei av deibrattaste i verda og du kan reise frå fjord til fjell på femminutt, opp til Hoven 1011 moh. Juryen har lete seg imponere overfylkets nye turistattraksjon i verdsklasse, og at prosjektet medhotelldirektør Richard Grov i spissen klarte reise over 140millionar i eigenkapital til prosjektet, går det fram av ei pressemelding.

Prisen er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane,Innovasjon Norge, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane ogFramtidsfylket.

Prisen blei i dag delt utunder Temposeminaret i Florø. Til stades for å ta i mot prisen varEivind Grov, som var direktør på Hotel Alexandra frå 1965 til 1996.

– Det er svært gledeleg å få denne prisen. Ideen om Loen Skyliftblei forsterka då Via Ferrata opna i 2011, og det å få dennetittlen, viser at arbeidet blir sett pris på, seier Eivind Grov.

–Dette er ei flott familiebedrift som har drive hotelldrift igenerasjonar. Dei ser moglegheiter der andre ser avgrensingar, ogklarer å gi turistane det dei vil ha, nemleg opplevingar, seierTrond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Prisen vert delt ut etter faglege kriterier, der ein fagjury haransvaret for det endelege resultatet. Samtidig får publikummulegheit til å stemme fram sin favoritt, og resultatet fråavstemminga vert vektlagt i juryen si vurdering. I år kom det inn om lag 5.200 stemmer, står det vidare i pressemeldinga.

Dei fire andre finalistane gjekk heller ikkje tomhendt heim fråkåringa. Sogn Aqua, Sødermann Rådgivning, Hydrowave og Seaweed fekkalle med seg ein sjekk på 25.000 kroner.