Spesielt gjeld dette yrkesfaga, seier Støyva i ei pressemelding etter siste møte i Fagopplæringsnemnda.

– Skulane i fylket vårt er relativt små, og nesten alle skulane har tilbod innan yrkesfaga. Då er det viktig at dei spesialiserer seg på nokre fagområde, og at skulane samarbeider både om undervisning og fagområde, seier Støyva.

– Elevgrunnlaget vårt gjer det ikkje mogleg å utvikle svært mange tilbod på kvar skule.

Merksemd nasjonalt

Nils P. Støyva viser til samarbeidet VG2 helsefag ved Stryn vidaregåande skule og elektrofag ved Eid vidaregåande skule har om velferdsteknologi, og omtaler dette samarbeidet som svært vellukka.

– Dette er eit samarbeid som har fått merksemd nasjonalt, og eg meiner slike samarbeid må utviklast ved fleire av skulane våre, seier leiaren i Fagopplæringsnemnda.

Vurderte opplæringstilbodet

Fagopplæringsnemnda hadde møte 2. november. Då stod mellom anna dimensjoneringa av det samla opplæringstilbodet i fylket for neste år på saklista.

Utvalet peika særleg på at det er viktig å sjå på behovet for faglært arbeidskraft i næringslivet og tilgangen på læreplassar når ein set opp opplæringstilbodet.

Av konkrete ønske har mellom anna næringslivet i Gloppen og Vågsøy etterspurt VG2 plast- og komposittfag.

Kjem nytt fagområde

– Dette er eit nytt fagområde i Sogn og Fjordane. Ut frå etterspurnaden i næringslivet må vi få til eit tilbod på VG2-nivå i dette fagtilbodet, meiner Støyva.

Tilbakemeldingane frå nærings- og arbeidslivet og opplæringskontora syner elles at det er bra samsvar mellom behova i næringslivet og tilboda ved dei vidaregåande skulane, meiner leiaren i Fagopplæringsnemnda.