– Vi kjem til å få ein lengre haust og tidlegare vår. Vintrane blir kortare, med meir uvêr og nedbør i form av regn. Område av landet, spesielt Vestlandet, kjem ikkje til å få snø, seier klimaforskar Ketil Isaksen, ifølgje Klassekampen.

Under Svalbard Science Conference på Fornebu denne veka orienterte han om kva vi kan venta oss framover.

– Norge har alt blitt 1 til 1,5 grader varmare. Auken er sterkast i nord, held Isaksen fram, men peikar også på positive konsekvensar.

– Jordbruket merkar alt ein lengre vekstsesong. Samtidig vil auka nedbør kunne føre til meir flaum og ras, og dei problema det fører med seg, seier klimaforskaren.

Mykje av klimaforskinga går føre seg på Svalbard. På 15 år har øygruppa blitt mellom seks og ti grader varmare. I 83 månader på rad har gjennomsnittstemperaturen vore over normalen.

Vatnet i dette området har blitt varmare både sidan Golfstraumen pressar opp varmare vatn frå Atlanterhavet, og havisen blir redusert i omfang. Det har også fått konsekvensar for fisken. Torsken trekkjer nordover mot kaldare vatn, og artar som sild, lodde og makrell opptrer no i fjordane på Svalbard.

Samtidig har ikkje Isfjorden, der Longyearbyen ligg, hatt is sidan 2008.

(©NPK)