I år ville Elling Vanberg (1937–1993) ha fylt 80 år. Kona Anne Margrete og dottera Sigrid Kristin Vanberg vil markere dette med både framsyning og bok.

Dei har invitert med seg vener av Elling denne laurdagskvelden i Stryn kulturhus. Alle har valt ut sine dikt og viser, og saman vil dei ta publikum med på ei litt annleis reise gjennom Vanberg sitt forfattarskap. Den siste tida har kjernen av aktørar øvd saman, og ser no fram til å formidle dette til publikum.

Mennesket og forfattaren

Denne kvelden hentar dei Elling heim til garden, bygda og menneska der. Publikum får møte forfattarskapen hans gjennom personar som kvar på sin måte var ein del av det medan Elling levde. Dei ønskjer å setje Ellivan inn i samanhengen med mennesket Elling, og markere både mannen og forfattaren sin 80-årsdag.

– Vi ønskjer og å gje publikum ein liten smakebit av stemninga frå Gamlestova i Framigard når blant andre desse personane møttest til kveldar med lyrikk og song, fortel Anne Margrete Vanberg. Det er denne stemninga dei håpar å ta med seg inn på scena.

Bok: Dottera Sigrid Vanberg (t.v.) saman med mora Anne Margrete Vanberg, med boka Heimkjenning.

Forfattarskap i samanheng

For familien er det viktig å sette Elling Vanberg sitt forfattarskap i ein samanheng.

– Det han skriv er allmennmenneskeleg og lett å kjenne seg igjen i, men samstundes er tekstane tett knytte saman med livet som bonde, garden og menneske som han hadde rundt seg. For oss som familie er Ellivan og Elling sjølvsagt to ulike «personar», men samstundes tett samanvevde. For oss var dikta ein del av kvardagen og kvardagen ein del av dikta. Noko som vi stadig blir minna på gjennom fragment av dikt som er noterte på låvedører og fjøsveggar, traktorpanser, eller små avrivne papirbitar frå mjølsekkar. For oss er det viktig å også få sett tekstane og dikta inn i ein samanheng som høyrer saman med den inspirasjonen Elling hadde rundt seg i det daglege, fortel ho.

Elling Vanberg (1937-1993), forfattar og bonde frå Olden

Personane rundt

Familien markerer 80-årsdag med å invitere med seg nokre av dei personane Elling sette stor pris på medan han levde.

Dei var aktive brukarar av tekstane hans på ulikt vis saman med Elling. Nokre av tekstane har og utvikla seg i eit visst samspel med desse personane. Nokre av personane er nemnde i tekstar, eller har fått skrivne tekstar eller viser til eller om seg opp gjennom åra.

Her må nemnast Viseklubben i Stryn, Psalmesangerforeningen Sinus Oldensis med Jarle Skåre, Pål Skarstein, Aage Eide, Ingfrid Dårflot og Fridtjov Urdal.

Lanserer ny bok

Det finst framleis fleire dikt og tekstar etter Elling som fortener å kome på trykk.

– I samband med 80-årsmarkeringa har vi funne fram ein del av desse, og saman med psalmesangerforeningen og Ingfrid Dårflot, har vi gjort eit utval av tekstar som vi ønskjer skal få stå i ei eiga bok. Vi ønskte at denne boka skulle ha den lokale forankringa som ein raud tråd. Dei fleste av dikta har eit visst lokalt særpreg, anten gjennom dialektord, stadnamn eller lokale skildringar. Om lag halvparten av dikta er utgjevne i ei av dei andre bøkene, resten er nytt. Boka har fått same namn som førestillinga, «Heimkjenning», og blir truleg lansert denne kvelden om den er klar frå trykkeriet. Den er redigert av familien og utgjeve på eit eige forlag.

Sosialt etterpå

Etter framsyninga håpar arrangørane at alle vil halde fram kvelden ute foajeen med sosialt samver og servering av betasuppe.

– Der det er lagt opp til ei uhøgtidleg sosial samkome, lausleg leia av Fridtjov Urdal. Om ein vil kan ein lese dikt, synge viser, fortelje historier eller berre vere saman, fortel Sigrid og Anne Margrete Vanberg og ønskjer alle velkomne.