Gym Stryn var eit av mange treningssentre i landet som i helga deltok på den landsomfattande aksjonen CrossFit for kreft.

I samband med morgonøkta i crossfit laurdagen kunne deltakarane kjøpe t-skjorter til ein pris av minimum 200 kroner, og alt overskot gjekk uavkorta til Kreftforeninga.

Dagleg leiar for Gym Stryn, Ann Kristin Grodås, fortel at mange møtte fram for å kombinere ei god treningsøkt med ei god sak.

Grodås opplyser at det også framleis er muleg å bidra, visst ein ønskjer støtte aksjonen men ikkje hadde høve til å stille laurdag.

Foto: Marta Myklebust