Syklane vart stolne frå to ulike garasjar i Hornindal, ein av dei i tettbebygd strok.

Det eine tjuveriet har truleg skjedd natt til fredag.

– Vi ønskjer tips i saka. Alle observasjonar av ukjende bilar og personar er av interesse, seier politiførstebetjent Vidar Stavik.

Politiet har fått ein observasjon av ein kvit varebil, som kan knyttast til det eine tjuveriet. Observasjonen er gjort i nærleiken av Grodås sentrum torsdag kveld kl 23.40. Bilen kan vere ein Mercedes Sprinter.

– Vi vil gjerne kome i kontakt med fleire som kan ha informasjon om denne bilen, seier Vidar Stavik.

Ein av dei tre crossmotorsyklane som er meldt stolne i Hornindal. Foto: Politiet